«Petter Uteligger» til Husnes

– Det å gje nokon ein sjanse i arbeidslivet gir dobbel vinst, fortel Sindre Vikanes (t.v.) frå Nav Sunnhordland. I februar vert det ink-luderingsdugnad i Kulturhuset Husnes. Vidare frå venstre: Leiar Arild Berg, Christina Mehl, Anita Falk og Hanne Dale.

– Det å gje nokon ein sjanse i arbeidslivet gir dobbel vinst, fortel Sindre Vikanes (t.v.) frå Nav Sunnhordland. I februar vert det ink-luderingsdugnad i Kulturhuset Husnes. Vidare frå venstre: Leiar Arild Berg, Christina Mehl, Anita Falk og Hanne Dale.

21. februar kjem «Petter Uteligger» til Husnes og Nav sin inkluderingsdugnad for å få fleire i arbeid.

DEL

«Saman får vi fleire i arbeid» er slagordet når Nav inviterer til inkluderingsdugnad i Husnes kulturhus i slutten av februar. «Petter Uteligger» kjem for å fortelja om utanforskap og inkludering.

– Mange fleire kunne vore i arbeidsstyrken, dersom dei fekk tilrettelegging i bedrifta og tettare oppfølging av Nav, seier Sindre Vikanes frå Nav Sunnhordland.

Inkluderingsdugnad

– Å få flest mogeleg ut i jobb er eit felles samfunnsoppdrag. Nav Sunnhordland arrangerer derfor ein «inkluderingsdugnad», både på Husnes og på Stord, i slutten av februar, fortel Vikanes.

På Husnes skal arrangementet gå av stabelen i Husnes Kulturhus. Nav skal halda innlegg om korleis Nav kan hjelpa folk ut i jobb og korleis dei kan støtta bedrifter, det vert videoinnslag frå bedrifter i Kvinnherad og Petter Nyquist skal halda inspirasjonsføredrag.

– Petter Nyquist er betre kjend som «Petter Uteligger». Han har erfaring frå gata i Oslo. Han kjenner godt til utanforskap og kva det gjer med eit menneske å bli inkludert. Det er tungt å stå utanfor eit fellesskap, også arbeidsmarknaden, og Petter fortel om sine erfaringar med ein varme og rausheit som vi ynskjer å trekkja fram, seier Vikanes.

– Vi er opptatt av å visa for både arbeidsgjevar og arbeidssøkjar at det å gi nokon ein sjanse i arbeidslivet gir ein felles vinst. Bedrifta får ein stabil, lojal arbeidstakar, som dekker det behovet bedrifta har, medan arbeidstakaren får vera med å bidra.

–Vi håpar både bedrifter og tillitsvalde, arbeidssøkjarar, frivillige og andre kjem. Kulturhuset er stort, så vi håpar så mange som mogeleg tar turen, oppmodar Vikanes.

Rådgjevarar frå Nav Kvinnherad og Nav Hjelpemiddelsentral vil ha stand denne dagen, både før og etter foredraga. Dei kan svara på spørsmål folk eller bedrifter har.

– Vi kjem til å bli der så lenge det er nokon som vil snakka med oss, seier Arild Berg, leiar for Nav Kvinnherad.

Satsing

Vikanes fortel at etter fjorårets Jeløya-konferanse har det vore ei satsing frå regjeringa at fleire skal ut i arbeid. Etter svingingane i olje- og gassektoren for nokre år sidan, har arbeidsmarknaden snudd og arbeidsløysa er lav. Bedriftene etterspør no arbeidskraft igjen.

– Vi veit at éin av fem i alderen 20-65 ikkje er i arbeid, fortel Vikanes.

Det er ulike grunnar til at desse står utanfor arbeidslivet. Enkelte er uføre, andre sjuke eller arbeidsledige og nokre finn ein ikkje i det heile tatt i statistikkane til Nav.

«Heimesitjarar»

– Vi veit at det er mange unge «heimesitjarar». Dette er ungdom som står utanfor både arbeidsliv og utdanning, og dei er ikkje registrerte hos Nav i det heile. Samtidig veit vi at det ikkje er bra for eit menneske å sitja heime. Dette kan auka risikoen for å få psykiske plager.

Berg og Vikanes fortel at på landsbasis reknar ein at rundt 60.000-80.000 er i heimesitjar-kategorien, noko som kan tyda på at det er rundt 600 til 800 heimesitjarar i Sunnhordland. Desse tala er usikre, nettopp fordi dei det gjeld ikkje registrerer seg nokon stad.

Vil ha bedriftene med

– Arbeidsgjevarane er ofte veldig påpasselege når dei skal tilsetja nokon. Dei vil sjølvsagt gjera risikoen så liten som mogeleg når dei tilset, og vel gjerne vekk dei som kanskje har behov for tilrettelegging eller som har hol i CVen, forklarer Vikanes.

– Nav kan hjelpa med å redusera denne risikoen og vi ynskjer å nå ut til bedrifter for å gjera kjent kva vi kan bidra med. Arbeidsgivarar får mykje att om dei gjer nokon ein sjanse, seier Vikanes.

– Poenget her er å prøva å redusera den manglande tryggleiken som bedriftene kan oppleva, utdjupar Berg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags