«Nei til planinitiativ for Seimsfoss»

Av
DEL

MEININGAR 

Er utbygging av eit industri- og hamneområde midt i utløpet frå ei uregulert lakseelv på annan manns LNF-område i 100-metersona eit framtidsretta initiativ i 2020 – når det einaste ein oppnår er å flytta inn næringsverksemd frå andre delar av kommunen?

Fonnafjord næringspark med Kurt Arne Tyse og Erling Prestbø i spissen hevdar det i eit nytt planinitiativ. Mange som er glade i Seimsfoss og Rosendal set vår lit til at kommunen og politikarane set ein stoppar for dette forsøket på å gjera seg rik på naturmiljøet og samfunnet sin kostnad.

Naboane har nyleg godtatt ein konkret plan for ei høgare utnytting av Palfinger-tomta på Seimsfoss for å gjera det mogleg å halda fram med næringsverksemd innanfor dagens tomtegrenser. Fonnafjord sitt planinitiativ vil likevel utvida området i alle retningar, byggja høgare og byggja ein djupvasskai i elvemunninga.

Tiltaka vil etter vårt syn

− verka forstyrrande for utløpet av Guddalselva og villaksen

− øydeleggja den einaste delen av 100-metersona i området som er tilgjengeleg for − og blir nytta av allmenta; i strid med tidlegare vedtak i kommunen og fylkeskommunen

− kunna føra til destabilisering og utglidingar av dei store lausmassene rundt elvemunninga

− øydeleggja og forringa privat eigedom og bustandard, og gjera heile området mindre attraktivt

Det er dessutan

− ikkje sannsynleggjort samfunnsmessige fordelar som veg opp dei betydelege skadeverknadane av tiltaka.

− og Fonnafjord si agering i planprosessen så langt, og hovudaktøren sin tidlegare forretningshistorikk, gjer at det er vanskeleg å ha tillit til det plangrunnlaget dei vil utarbeide

Fonnafjord har allereie fått tilnærma frie taumar til å utvikla det området dei eig. Vi vil motsetja oss alle ytterlegare tiltak som ikkje gjev tydelege og vesentlege samfunnsmessige fordelar samanlikna med alternative løysingar. Vi har difor bedt kommunen krevja ei konsekvensvurdering som reflekterer utbyggjar sine reelle ambisjonar. Vi ønsker òg at ein uavhengig instans gjer ei avveging av dei samfunnsmessige fordelane og ulempene av forslaga.

For aksjonsgruppa «Nei til cruiseterminal Rosendal»,

Erland Eggen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken