Ny nettside om dokter Haugen

BOKNEMNDA: Kristian Bringedal, Kristian Hus og Thor Inge Døssland står bak den populære boka om dokter Haugen.

BOKNEMNDA: Kristian Bringedal, Kristian Hus og Thor Inge Døssland står bak den populære boka om dokter Haugen.

Nyleg blei ei ny nettside med nye historier om dokter Haugen lansert.

DEL

Dokter Haugen ser ut til å vera like ettertrakta i dag, som han var då han var distriktslege i Kvinnherad. I alle fall er første opplaget av boka om han så godt som utseld, og utgjevarane har difor trykt eit nytt opplag. Og ikkje nok med det; denne veka har dei også lansert ei nettside med nye historiar som er komne til etter at boka kom ut første gang i april. Utover hausten vil fleire nye og artige forteljingar bli publiserte på nettsida.

– Slik vert det eit levande lokalhistorisk arkiv på nettet, skriv utgjevarane Thor Inge Døssland, Kristian Olav Bringedal og Kristian Hus.

Opptakten til boka byrja som ein serie på nettstaden uskedalen.no før jul i 2014, med overveldande og positiv respons både frå lesarar og innsendarar av historiar. Døssland og Bringedal var initiativtakarar og seinare kom Kristian Hus med i nemnda. Dei tre har ført arbeidet vidare, mellom anna gjennom samtalar med slekt, tidlegare kollegaer, vener og andre som hugsar Endre Haugen.

Bokutgjevarane har også fått innsyn i Haugen sine personlege betraktningar om livet som lege.

Historisk verdi

– Med eit vidt distrikt, i ei tid med vanskelege kommunikasjonar og veglause grender, skjøtta han den viktige jobben på ein framifrå måte, skriv boknemnda i føreordet. Dei håpar og trur at boka vil ha historisk verdi, då ho kastar ljos over dei store endringane som har vore på ulike område etter Haugen si tid.

Boka er på 200 sider og er trykt i totalt 1200 eksemplar (800 av førsteutgåva, 400 av andreutgåva). Ho er rikt illustrert med mange bilete og teikningar frå ulike hendingar.

Kristian Hus er utgjevar under føretaket Skimtvis, medan den grafiske utforminga er gjort av Multipleks design. Dette er den fjerde boka far og son Hus samarbeider om.

– Vi trur både unge og eldre vil ha stor glede av å lesa om den fargerike distriktslegen. Dokter Haugen stod for verdiar som aldri går ut på dato, seier Døssland, Bringedal og Hus.

Her er adressa til nettsida: www.dokterhaugen.no


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags