EU har møte tysdag kor forslaget om forbod av granulat definert som laus mikroplast (gummigranulat), skal diskuterast. Deretter skal det behandlast i EU-kommisjonen. EU har lagt opp til at overgangsperioden skal vere på seks år etter eit forbod.
NFFs generalsekretær Karl-Petter Løken meiner at dei meir miljøvennlege alternativa framleis ikkje er gode nok.
– Det er ikkje berekraftig å gamble med aktivitetstilbodet til oppveksande generasjon. Allereie no står vi ein kritisk situasjon med 70 prosent færre bygde banar, og berre 20 prosent av banene bygd mellom 2008 og 2012, er rehabilitert. Vi ber derfor om politisk støtte inn mot EU-systemet for ein overgangsperiode på 10 til 12 år, seier Løken i ei pressemelding.

Vil ha parkeringsskilt her: – Det er jo mykje gøyare å ta dei plassane som ikkje er gebyrregulerte
Brev
Forbundet har retta si bekymring til Klima- og miljødepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Miljødirektoratet i eit brev.
«NFF støttar forureiningsforskrifta og meiner at å hindre mikroplast på avvegar gjennom tiltak er riktig framgangsmetode, men implementering av tiltak tar litt tid og er kostnadskrevjande.», står det mellom anna i brevet.
NFF og fleire andre europeiske forbund meiner seks år er for lita tid. NFF opplyser at fleire nasjonar har sendt tilsvarande brev til eigne styresmakter, og at Det europeiske fotballforbundet (Uefa) vil vidaresende alle brev til EU-systemet.
– Vi ønskjer alle det same, og norsk fotball har som mål å setje standardar og dele beste praksis for å skape ein ny generasjon berekraftige fotballanlegg. Men det er ein grunn til at store byar som Stavanger, Kristiansand og Trondheim har reversert eller modifisert forbodet sitt mot gummigranulat. I Noreg er vi 100 prosent avhengig av funksjonelle kunstgrasbanar for å halde oppe aktiviteten, seier Løken.
Reaksjonar
I Oslo vedtok byrådet i 2020 at kommunen skal kutte bruken av gummigranulat med opp mot 50 prosent innan 2024. Byrådet har cirka 100 baner. Omkring ti i året vil bli rehabilitert.
Det har heller ikkje komme utan reaksjonar. Skeids dagleg leiar Daniel Holmeide Strand har mellom anna ikkje vore imponert. På Nordre Åsen har Skeids bane fått kork og kokos i staden for gummigranulat. Olivenstein, furu og bjørk blir også prøvd ut som erstatning.
I 2023 kan lovforslaget i EU bli vedteke.
(©NPK)
