Det meiner NHO Service og Handel, som fredag la fram prognosen sin over korleis handelen vil gå.
* Årets julehandel vil truleg liggje nærare 2019 enn det nivået vi har hatt under pandemien.
* Det blir anslått ein nedgang på 2,4 prosent målt mot fjoråret.
* Det er venta ein nedgang for dei fleste bransjar.
* Den sterke prisveksten inneber at vi får mindre for pengane. Nedgang i volum blir truleg mykje større enn nedgang i kroner.
* Netthandelen er venta å halde seg på same nivå som i fjor.

Kommunedirektøren seier opp stillinga si
Ventar julehandel for 124 milliardar kroner
Men, trass alt: Kvar og éin av oss vil i gjennomsnitt bruke 12.000 kroner på gåver, mat, diverse butikkjøp og netthandel i desember, ifølgje NHO. Det blir anslått at nordmenn vil julehandle for til saman 124 milliardar kroner i november og desember.
Under pandemien steig handelen kraftig. Det gjaldt særleg jula 2020. Det året var veksten på over 15 prosent.
Restriksjonar sette stoppar for grensehandel, restaurantar og utestader var stengde eller underlagde strenge krav, og kulturtilbodet var meir eller mindre lagde ned. Folk brukte derfor pengane sine meir på netthandel og butikkjøp enn på tenester.
I år er det derimot venta at fleire igjen vil gå på julebord, ete på restaurant, reise og kjøpe tenester som ikkje var tilgjengeleg i fjor.
Vil velje rimelegare variantar og handle på sal
Samtidig som forbruket blir vridd meir over på tenester, har nordmenn jamt over også fått redusert kjøpekraft i år. Generell prisvekst, høgare rente og auka straumrekningar inneber at mange vil vere meir forsiktige. Derfor vil nok mange i større grad velje billigare variantar av varer dei kjøper, meiner NHO.
Dessutan er det venta at fleire vil starte julehandelen tidlegare for å finne tilbod under black week i slutten av november. NHO påpeikar at november nærmar seg desember i omsetning, og at dette er drive fram av black week.
Julehandelen er svært viktig for fleire bransjar. For kjøkkenutstyr, leiketøy og musikk aukar omsetninga med meir enn 100 prosent. For gullsmed, bokhandlar, urmakar og elektronikk aukar omsetninga med mellom 50 og 98 prosent samanlikna med ein normal månad.
(©NPK)