Gå til sidens hovedinnhold

Ni nye smitta sidan førre oppdatering – ber folk utsetja arrangement der mange møtest på kryss og tvers av bygdene

Kommunen oppmodar òg til at ein er ekstra varsam for symptom dersom ein deltok på minnesamling på Snikkeriet torsdag 11. november.

Tysdag ettermiddag melde kommunen om 27 nye smitta sidan fredag. Onsdag føremiddag er talet oppe i 36.

Dei fleste smittetilfella er knytt til utbrotet på Malmanger skule.

På heimesida til kommunen står det at ein har oversikt over dei aller fleste, og såleis kontroll på utbrotet. Beredskapsgruppa har daglege møte.

Dei som deltok i minnesamling på Snikkeriet torsdag 11. november blir oppmoda om å vera ekstra varsame for symptom.

«Vi oppmodar om å utsetja arrangement der mange treffest på kryss og tvers av bygdene, og særskild i Rosendalsområdet», står det.

Kommunen held i skrivande stund ein pressekonferansen om situasjonen.

Les også

Smitten held fram med å auka – kommuneleiinga har kalla inn til pressekonferanse

Kommentarer til denne saken