Elg på Opsangervegen

Ein elg blei observert i Kvinnherad, og det under bandhund-NM for elghundar. (Illustrasjonsbilde).

Ein elg blei observert i Kvinnherad, og det under bandhund-NM for elghundar. (Illustrasjonsbilde). Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Medan 27 elghundar frå heile landet var ute i ulike terreng og deltok i NM for bandhund, dukka det opp ein våt elg på Opsangervegen på Husnes.

DEL

– Det var litt spesielt at denne elgkviga skulle dukka opp medan det var elghundprøvar i Kvinnherad, seier viltforvaltar Leif Trygve Varanes.

Det var han som fekk melding om elgen som stod i vegkanten på Opsangervegen. Truleg har den sumt over Opsangervatnet frå Teigen-sida. Den forsvann etter kvart opp mot Kaldestadåsen.

– For 15-20 år sidan var det observert mellom 15 og 20 elgar i Kvinnherad, men dei siste åra har det vore få observasjonar. For ei tid tilbake var det det meldt om ein elg i Hildalen.

Men det var ikkje elg dei 27 beste elghundane i landet skulle spora opp under NM-konkurransen i Kvinnherad. For første gong var det hjort dei skulle finna, og hundar med eigarar var fordelt på 27 ulike terreng rundt om i kommunen.

Mykje ros

Då bandhund-NM vart avslutta laurdag kveld, vanka det mykje ros til Vidar Hellås og den lokale arrangørstaben.

– Dette har vore eit kjempearrangement med gode terreng, logistikk, mange dyr og eit rekordhøgt nivå i konkurransen. Alt har gått smertefritt, rett og slett eit fullkome NM, sa leiar i Norsk Elghunders Forbund, Kjell Arild Haugen.

Under årets NM vart det sett ein utruleg rekord. Ellen Krogstad hadde fredag fått tildelt eit terreng på Snilstveitøy. Her sette hunden hennar opp 15 hjortar, og oppnådde 100 poeng. Det har aldri skjedd tidlegare.

Vinnar av NM vart Morten Midtflå og hunden Cimba frå Melhus. Førstepremien var eit gevær til verdi av 18.000 kroner.

Artikkeltags