I ei pressemelding frå Skanska Norge står det at Vassbakk & Stol har signert kontrakt med Vestland Fylkeskommune om bygging av Fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes i Kvinnherad kommune. Kontrakten har ein verdi på 335 millionar kroner.

«Fv. 500 Folgefonntunnlen–Årsnes er et prioritert rassikringsprosjekt. Prosjektet omfattar ein strekning på 22 kilometer kor det skal byggast ein 1.400 meters skredsikringstunnel, samt at utvalde parsellar på strekninga skal utbetrast og vegbreidda bli auka», står det å lesa.

Prosjektet skal som kjent bli gjennomført som ein samspelskontrakt. Byggherre og entreprenør har det siste året gjennomført ein samspelsfase der prosjektet har blitt optimalisert. No går prosjektet over i gjennomføringsfasen.

«Det har vore svært lærerikt å få lov til å vera med å gjennomføra det første vegprosjektet på Vestlandet der konkurranseprega dialog og samspel er brukt i innkjøpsfasen. Vi har hatt ein tett og god dialog med fylket i utviklingsfasen. Dette er eit viktig prosjekt for lokalsamfunnet, og no gler vi oss til å ta fatt på sjølve arbeidet med å sikra denne rasutsette strekninga», uttalar Inge Jan Thorsen, administrerande direktør i Vassbakk & Stol i pressemeldinga.

Det står at byggestart blir oktober 2021, og kontraktsarbeida skal vera avslutta i februar 2024.

«Vassbakk & Stol vil samarbeida med Skanska Anlegg region Samferdsel og Energi i gjennomføringa av oppdraget. Vassbakk & Stol er eit heileigd dotterselskap av Skanska Norge AS. Kontrakten på 335 millioner kroner inngår i ordrereserven for Skanska i Norden for fjerde kvartal 2021», står det å lesa.