Gå til sidens hovedinnhold

No er vegen open for fri ferdsel att etter steinraset

Vegen mellom Jondalstunnelen og Nordrepollentunnelen er igjen køyrbar.

Fv49 mellom Jondalstunnelen og Nordrepollentunnelen blei stengt laurdag ettermiddag etter at det gjekk eit steinras. Fleire store steinar rasa ut i vegen.

Klokka 15 i dag, søndag, blei det gjort ei ny vurdering, og vegen vart opna for fri ferdsel att kort tid etter det. Det skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

Også førre helg vart strekkja stengt ei stund etter at store steinar fell ned på den rasutsette strekkja.

Les også

Urinerte på ein uniformert politibil –så kom polititenestepersonar forbi

Kommentarer til denne saken