Gå til sidens hovedinnhold

No får barn frå 12 til 15 tilbod om vaksine

Kvinnherad kommune skriv via Facebook-sida si at det vidare framover vil bli tilbydd koronavaksine for årskulla 2006, 2007 og 2008, samt personar frå årskull 2009 som har fylt 12 år, etter tilråding frå Folkehelseinstituttet. All vaksinasjon er frivillig.

Kommunen har òg oppretta eit tilbod til dei som har ombestemt seg, eller kanskje berre hadde behov for litt lenger tid til å tenka, og dei ungdommane som er fylte 12 år og går på barneskulen.

Vaksineringa føregår på ettermiddag utanom skuletid, der foreldra sjølv følgjer barna til vaksineringa og tek med nødvendig dokumentasjon. Vaksinering vert gjennomført på vaksinestadane Husnes og Rosendal, på ettermiddagstid. Dette vil skje nokre torsdagar framover. Ein av dei føresette som har signert samtykkeskjema må følgja barnet til vaksinasjon, og ferdig utfylt samtykkeskjema skal takast med (dersom det ikkje levert tidlegare), i tillegg til ID til den vaksne føresette som følgjer barnet.

Kommunen skriv òg at 3. dose med koronavaksine førebels er øyremerkt innbyggjarar som:

- går på immundempande medisin

- som er organtransplanterte

- som er i aktiv dialysebehandling

Ein må sjølv ta kontakt for å avtala time for 3. dose på: covid19@kvinnherad.kommune.no.

Les også

Roleg helg for politiet i Kvinnherad trass gjenopning: – Vi blei overraska

Kommentarer til denne saken