No får du varsel på mobiltelefonen når prøvesvaret er klart
Frå måndag 14. desember blir det send varsel til mobiltelefonen og e-posten din om at prøvesvar er klart etter koronatest.
Ein finn prøvesvaret frå koronatesten ved å logge seg inn på helsenoreg.no.
Frå måndag kan ein få eit varsel på SMS eller på e-post når prøvesvaret er klart, slik at ein slepp å logge seg på tenesta fleire gonger for å sjå etter resultatet på prøva.
For å få telefon- eller e-postvarsel, må ein ha oppretta ein brukarkonto på helsenoreg.no. Varselet blir samtidig sendt så legen får svaret.
(©NPK)
Send tekst og bilde
«
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!
Kommentarer til denne saken