Det er Framtida.no som denne veka har sett søkelys på TV 2 si noko rigide språkline – ei linje som no er endra. Og det heile starta med at Karen Anna Kleppe klaga seg over praksisen då ho vart intervjua av nettopp Framtida.no (7. mars).

Blant dei som uttala seg i saka var Kringkastingsringen, som med rette gav nynorskforbodet merkelappane «gamaldags» og «avleggs».

Som kommersiell allmennkringkastar er TV 2 forplikta til å nytta både bokmål og nynorsk i hovudkanalen på TV, men denne avtalen regulerer ikkje språkføringa på nettsidene.

Etter at Framtida tok opp saka, utvikla det heile seg i positiv retning i løpet av eit par dagar, og torsdag 18. mars kunne Framtida.no melda at TV 2 no opnar for nynorskbruk på nettavisa tv2.no

– Det skulle berre mangla, uttala nyhenderedaktør i TV 2, Karianne Solbrække, til Framtida etter den positive avgjerda.

Neste sak kjem på nynorsk

Karen Anna Kleppe er sjølv svært nøgd med TV 2 sin justerte språkpolitikk på nett, og ho vedgår at ho hadde ein baktanke då ho påpeika problemet i intervju med Framtida.no tidleg i mars.

– Og den neste nettsaka di blir på nynorsk?

– Å, ja, det blir den – er ferdig med å skriva nyhendesaker på bokmål. Eg skreiv jo nynorsk i Firda og i Kvinnheringen, og for meg er det meir tungvint å skriva på bokmål. Den neste saka mi på nett kjem i slutten av neste veke, og det blir ei større sak, på nynorsk, lokkar Kleppe.

– Har denne snodige språkregelen plaga deg?

– Ja, litt av skrivegleda forsvann rett og slett. Eg synest nynorsk er finare og meir leikent enn bokmål, og eg tenkjer meg meir om når eg skriv. Med tanke på at me har mange sterke nynorskprofilar i TV 2, t.d. Arill Riise, er det rart at denne endringa ikkje har skjedd før. Men då eg spurde om dette like etter at eg byrja i TV 2, fekk eg berre beskjed om at «slik er det», fortel Kleppe.

Men no gler ho seg over at regelen er historie.

– Det er veldig gledeleg at det var opna opp for nynorsk no, og Framtida.no skal ha skryt for å ha gått inn i denne saka, rosar Kleppe.