Då kommunestyret heldt møte torsdag 23. mars, fann dette stad i kommunestyresalen i rådhuset for første gongen sidan før pandemien.

Salen er oppgradert for den nette sum av 2.054.576 kr. inkl. mva. Det står enno att noko arbeid, så sluttsummen er venta å bli litt høgare. Budsjettet for oppgraderinga er på 2,5 millionar, opplyser økonomisjef Niels Jakob Erlingsson.

Av det som har skjedd i kommunestyresalen, er at det har kome på plass nye stolar og bord, ladestasjonar i golvet, nye skjermar på veggene og til og med ein kaffimaskin!

Ordførar Hilde Enstad oppmoda kommunestyret til å nytta kaffimaskina berre i pausane, av respekt for dei på talarstolen.

Skal du via deg borgarleg, vil du òg få gleda av den nyoppussa salen. Det er nemleg innreia ein liten vigselskrok for slike hyggelege føremål.