Gå til sidens hovedinnhold

No har vi trekt vinnarar av sommarbilde-konkurransen: Sjå om ditt bilde er med her!

I heile sommar har vi fått mange flotte lesarbilde, både på e-post og via Instagram. Som lova har vi no trekt ut 10 fotografar som får premie. 5 får kvart sitt gåvekort på 500 kroner på storsenteret, og 5 får ein Kvinnheringen-tursekk fylt med litt forskjellig. Vinnarane vil bli kontakta. Vi nyttar elles høve til å takka alle som har sendt oss bilde, det set vi stor pris på! Vann du ikkje denne gongen lovar vi fleire bildekonkurransar seinare.