– Vi håpar så mange som mogleg nyttar seg av denne sjansen. Dei som ikkje les Kvinnheringen så ofte kan no få eit innblikk i kva vi leverer kvar dag, heilt kostnadsfritt, seier fungerande radaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen, Håvard Røyrvik.
Lesarane som teiknar seg for gratis tilgang, vil bli bedne om å logga inn med aID. Viss ein ikkje har ein brukar frå før, må ein oppretta ein aID.
Du treng ikkje oppgi betalingsinformasjon, og det vil ikkje bli trekt pengar når tilgangen går ut i februar.
Eksklusivt for abonnentar
Fra 28. desember og fram til torsdag 6. januar har alle plussartiklar i Kvinnheringen vore tilgjengelege for alle. Dette skjedde som ein konsekvens av at Kvinnheringen sin tenesteleverandør Amedia blei ramma av eit dataangrep.
– Då systema våre blei ramma, blei tilgangen til plussartiklar opna for å sikra at alle abonnentar får tilgang til journalistikken dei har betalt for. No veit vi at vi er i stand til å gi abonnentane som har betalt, trygg tilgang til journalistikken. Samtidig gir vi altså andre sjansen til å lesa oss gratis ut januar, seier Røyrvik.
Saka held fram under.
Her er nokon av dei viktigste sakene vi har publisert den siste tida, som du no kan lesa:

Nyvinning frå kvinnheringar har gitt suksess i marknaden

Til denne verkstaden kjem det kundar eins ærend frå Bergen: – Me likar å hjelpa folk

Turid frå Halsnøy blei svindla for 35.000 kroner i venninnesvindel: – Eg gjekk fem på

Lokal forfattar toppa utlånsstatistikken ved Kvinnherad bibliotek i 2021

Bubilplassen på Sæbøvik: – Veldig viktig for heile øya
Har fått meldingar om ny type svindelforsøk på lokale kjøp- og salsgrupper

Ny tursti til Hattebergfossen: – Me har byrja i begge endar

Rosendal Fjordhotel seld til investeringsselskap
Nokre av hurtigtestane som blei brukte ved skulestarten på KVV hadde gått ut på dato

Natasa har opna tannklinikk i Rosendal

Godt år for dei lokale bilforhandlarane: Selde bil nummer 200 klokka 18 på årets nest siste dag
Jaktar ny rektor til folkehøgskulen: – Det er ei tid for alt
Reduserer matsvinn med «Too good to go»

Får det beste frå to verder i ny jobb: – Glad for at det er mogleg å ha spesialiserte arbeidsområde sjølv om ein bur i distrikta

Fleire kulturelle lyspunkt å sjå fram til i 2022
Abonnementssystem nede
Fleire system er framleis ramma av dataangrepet mot Amedia, som er eigar og tenesteleverandør for lokalaviser landet over.
Dette har nokre konsekvensar for eksisterende abonnenter. Mellom anna er det for tida ikkje mogleg å seia opp abonnementet.
– Vi har framleis ikkje tilgang til abonnementssystemet vårt. Dette betyr mellom anna at det ikkje er mogleg å seia opp abonnementet på noverande tidspunkt, og det er heller ikkje mogleg å bli abonnent på vårt felles abonnementsprodukt +Alt. Dette jobbar vi framleis med å finna løysingar på så snart som mogleg. Vi ønsker at det skal vera så enkelt som mogleg både å kjøpa og å seia opp abonnementet sitt på våre aviser, seier konstituert forbrukarmarknadsdirektør i Amedia, Carl Gustaf Eriksson.
På grunn av at abonnementsystemet er ute av drift, vil ein ikkje kunna svara på alle spørsmål om faktura og betaling enno. Spørsmåla blir notert ned og svart på så snart som mogleg.
- Har du andre spørsmål eller tips? Send oss gjerne ein e-post til redaksjon@kvinnheringen.no!