Gå til sidens hovedinnhold

No kan mange bli fullvaksinerte tidlegare – kommunen får svært mange vaksinedosar komande veke

Kvinnherad kommune melder at mange som ventar på andre dose av korona-vaksinen vil få framskunda timen sin.

Fredag ettermiddag skriv Kvinnherad kommune på facebook at ein ventar svært mange vaksinedosar den komande veka (veke 34).

Det betyr at mange av dei som ventar på sin andre dose kan bli fullvaksinerte tidlegare, fordi dei får framskunda vaksinetimen sin. Desse vil få ein sms om at dei har fått ny time.

– Det er fint om alle kan nytta seg av dette, og møter til ny tid. Dersom du likevel ikkje kan møta til vaksinering den dagen du får tildelt, kan du ringa koronatelefonen (tlf. 908 60 166) mellom åtte og ti på kvardagar eller skriva ein e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no, står det i kommunen si oppdatering.

– Vi gler oss over at vaksineringa går raskare fram enn det vi først trudde, står det til slutt.

Les også

Kafé Samspel har vore stengd i ei veke – årsaka er framleis uklar

Kommentarer til denne saken