No kjem dei oransje dunkane for glas og metall

Slik ser dunkane for glas og metall ut.
Artikkelen er over 1 år gammel
I januar 2020 startar SIM henting av glas- og metallemballasje i eigne dunkar der du bur, skriv Uskedalen.no.
Mange av abonnementane i Uskedalen har alt motteke dunkane, som er merka med adresse og gards/bruksnummer. Alle må ta sin dunk heim til huset. I hauststormane er snart dunkane på avvegar.
Før oppstart vil alle få informasjon om henteordninga for glas og metall. Dette gjeld korleis ein skal sortera og om kva som skal i dunken. Tømmekalenderen for 2020 vil ha med plan for henting.
Elles finn ein informasjon i infofaldaren SIM-nytt og i SIM-appen.
Kommentarer til denne saken