Dei store søkjemotorane er ikkje tilpassa kravet forvaltninga har til søkjeresultat, meiner Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), som har samarbeidd med Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og Nasjonalbiblioteket (NB) om Kudos.
Kudos står for «kunnskapsdokument i offentleg sektor» og har samla 17.000 dokument på éin stad.
– Effektiv bruk av fellesskapsmidlane føreset at avgjerder blir tekne på eit godt grunnlag. Derfor er det viktig at forvaltninga har lett tilgang på kvalitetssikra og oppdatert kunnskap, seier DFØ-direktør Hilde Singsaas.
– Staten bruker store beløp på å kjøpe inn, produsere og lagre kunnskap for ulike formål, men mykje av denne kunnskapen er vanskeleg å finne. Vi håpar at Kudos kan gjere noko med dette, seier ho.
Døme på dokument i Kudos er evalueringar, utgreiingar, strategiar og årsrapportar. Kudos-samarbeidet vil også gjere sjølve innleveringa av dokument enklare for brukarane, ifølgje DFØ.
(©NPK)
