Nokon stal blåsene til fiskaren Nathanael. Så fekk han hjelp av ein mini-ubåt

FISKAR: Nathanael Sjo frå Halsnøy er fiskar. Han mista mange teiner då nokon stal blåsene hans, men måndag fekk han hjelp av ein miniubåt. Her er han på veg ut med katamaranbåten sin.

FISKAR: Nathanael Sjo frå Halsnøy er fiskar. Han mista mange teiner då nokon stal blåsene hans, men måndag fekk han hjelp av ein miniubåt. Her er han på veg ut med katamaranbåten sin. Foto:

For nokre år sidan hadde Nathanael Sjo lagra ei lenke med teiner i sjøen utanfor Halsnøy, men nokon kutta taua og stal alle blåsene hans.

DEL

Fiskar Nathanael Sjo på Halsnøy fortel at han hadde lagra mange teiner i sjøen, og alle var merkte med blåser. Då han seinare skulle ut og sjå til dei, var dei vekke.

– Dei har kutta taua og stole blåsene. Utruleg simpelt, seier onkel og fiskar Atle Dag Sjo.

Ekspedisjon

Sveinung Lokøy frå Rosendal er omgangsven med fiskarfamilien Sjo. I samband med at Lokøy for kort tid sidan begynte å jobba for spanske Nido Robotics, eit firma som utviklar miniubåtar (eller ROV-ar som det heiter), fann dei på at dei kunne hjelpa Nathanael med å finna igjen dei tapte teinene.

– Det er jo relativt dyrt utstyr, men det viktigaste er at dei ikkje blir liggande på botn og forsøpla, seier Nathanael.

Fiskereiskapar som blir liggande på botn er eit stort problem langs norskekysten.

Saman med Lokøy og Nido sin norske samarbeidspartnar, Kristiansand-baserte Sublutions, arrangerte dei måndag ein liten ekspedisjon i fjordbassenget utanfor Sæbøvik.

FANGST: Espen Johannesen (t.v.) og Sveinung Lokøy var måndag på teinejakt for Nathanael Sjo på Halsnøy. Her med miniubåten og fangsten.

FANGST: Espen Johannesen (t.v.) og Sveinung Lokøy var måndag på teinejakt for Nathanael Sjo på Halsnøy. Her med miniubåten og fangsten.

Vidar Johannesen i Sublutions fortel at dei har mange og ulike oppdrag med miniubåten. Saman med sonen Espen har han mellom anna hatt oppdrag for Kystverket og Hovudredningssentralen.

– Det er ein kombinasjon av jobb, idealisme og skattejakt, seier Vidar Johannesen til Kvinnheringen.

Å leita etter tapte teiner er éin ting. Gamle skipsvrak er ein annan. Roboten deira har også viktigare oppgåver:

– Ved fleire høve har vi brukt ROV-en til å lokalisera og henta opp omkomne frå sjøbotnen. Det er viktig for folk å ha ei grav å gå til, seier han, og fortel at han sjølv har mista ein svoger på sjøen.

– Han blei aldri funnen, så eg veit kva det handlar om å ha ei grav å gå til, seier han ettertenksamt.

To teiner og eitt garn

Det var heldigvis mindre alvor då dei blide sørlandskarane tok turen til Halsnøy.

Nathanael hadde noko lunde klart føre seg kor han hadde tapt dei mange teinene, og med katamaranbåten hans blei kursen sett mot området utanfor Grunnavågen.

Sjølv med ein ROV krev det likevel tålmod å leita på botn av sjøen, og det går nokre timar før dei får napp.

Til slutt får dei tak i to teiner, og eit gamalt garn som ikkje tilhøyrer Nathanael.

– Slike gamle garn er til stor skade for fisken, seier Kjell-Henning Sjo, også onkel av Nathanael, og med på teinejakta.

Sjølv om det ikkje blei den store fangsten, var Nathanael nøgd med å få hjelp:

– ROV-ar er framtida, ingen tvil om det, slår den unge fiskaren fast.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags