Framleis eit stykke å gå

<Digimax i6 PMP, Samsung #11 PMP>

<Digimax i6 PMP, Samsung #11 PMP> Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, opplyser til Kvinnheringen at det framleis er mange brikker som må på plass før ein eventuelt startar den formelle prosessen for å søkja om løyve til kvartsutvinning.

DEL

Onsdag kveld viste NRK Vestlandsrevyen eit innslag frå prøveboringane som starta tidleg i september og skal vara eit godt stykke ut i oktober. Kvinnheringen har skrive om kvartsførekomsten og prøveboringane fleire gonger, mellom anna tidleg i august då det vart kjent at Nordic Mining tok opp prosjektet igjen etter at det vart lagt på is i januar i fjor.

På bakgrunn Vestlandsrevy-innslaget laga NTB ei nyhendemelding med tittelen «Vil starta kvartsgruve». I NRK-innslaget vart det opplyst at det er minst 200 millionar tonn utvinnbar kvarts i åra Nordic Mining har funne nær Årsnes. Dette talet har NTB vidareformidla, men det rette talet er to millionar. Og Nordic Mining, gjennom dotterselskapet Nordic Quartz, har heller ikkje bestemt seg for om selskapet vil starta kvartsutvinning eller ei.

– Førekomsten ser svært lovande ut, og målet er å få i gang utvinning. Men det står framleis analysar att, og vi er avhengige av å ha avtalar på plass med kundar, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, til Kvinnheringen.

– Men er det rett at kvartsførekomsten kan representera verdiar for fleire titals milliardar kroner?

– Ja, det stemmer, seier Fossum.

Les meir i Kvinnheringen si papirutgåve fredag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags