Nordmenn slepp inntil vidare moms på utanlandsk netthandel

Av

Frå 1. april skulle eigentleg nordmenn betale moms på nettvarer òg under 350 kroner. Men no opplyser Skatteetaten at momsgrensa står ved lag ei stund til.

DEL


Stortinget har vedtatt at 350-kronersgrensa på netthandel skal fjernast frå 1. april i år. Det tyder at ein må betale moms for alle varer kjøpte frå utlandet.

Utanlandske nettbutikkar skal registrerast hos Skatteetaten. Det vil gi dei moglegheit til å krevje 25 prosent moms på varer opp til 3.000 kroner på vegner av staten. Norske kundar vil dermed sleppe å betale 149 kroner i fortollingsgebyr.

No stadfestar Skatteetaten overfor Nettavisen at 350-kronersgrensa inntil vidare vil stå ved lag, også etter 1. april, viss butikken ikkje er registrert i det såkalla VOEC-registeret til Skatteetaten som gjer at vara kan fortollast av nettbutikken du handlar frå.

– For å unngå problem med opphoping av pakkar på grensa vil varer med ein verdi under 350 kroner ikkje bli stoppa og sjekka for meirverdiavgift i denne overgangsperioden, skriv Anders Hedeman, kommunikasjonsrådgivar i Skattedirektoratet, i ein e-post til Nettavisen.

Ordninga skal vere mellombels, men det er førebels ikkje fastsett nokon sluttdato.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags