Litt før klokka 11.22 i dag (søndag) fekk MF Vikingen tekniske problem, med det til følgje at ferja ikkje greidde å leggja til kai på Årsnes.

Kapteien på ferja hadde ikkje tid til å snakka med Kvinnheringen då vi ringte i føremiddag.

Ferja i rute 2, MF Hordaland, driv i skrivande stund på med å hjelpa MF Vikingen på rett kjøl. Bilar og passasjerar er om bord i ferja. Inntil vidare går det ingen ferjer i rute i sambandet.

Vitne på staden fortel at det kom tjukk svart røyk frå ferja då den skulle leggja til kai på Årsnes.

Det skal vera 40 personar om bord, av dei 34 passasjerar. Mellom dei som står fast på ferja er eit handballlag som skulle til Husnes for å spela kamp. Denne kampen er no avlyst.

Slepetauet rauk

Passasjerar om bord fortell at det var tilløp til panikk om bord.

– Vi har fått beskjed om at dei skal prøva å dra oss ut på ved hjelp av to andre ferjer. Førebels er det berre ei ferje som er komen. Dei seier dei vil prøva dette først, før dei eventuelt ringer slepebåtar, seier passasjer Anette Aasheim til Bergensavisen.

Ho er lagleiar for eit handballag frå Fana som skulle spelt kamp på Husnes.

Medan BA snakkar med ho på telefon, blir ferja forsøkt slept.

– Ferja står fast på land, vi er ti meter frå kaien, men.....steike meg, der rauk slepetauet! seier Aasheim til BA og må leggja på.

Då BA får kontakt med Aasheim igjen, fortel ho at det gjekk bra, men at eit rekkverk vart bøygd.

Ho fortel at fleire av jentene er redde.

– Eg veit ikkje årsaka til at ferja har fått motorstans, men nokon sier at det har gått hol i skroget, seier Aasheim til BA.

Ho påpeiker at ferja ligger støtt på steinar, men at det gyngar ein del.

Politiet melder at det ikkje er gått hol i skroget.


Saka vert oppdatert.