Tilbake i normal drift

Ferja som går frå Ranavik må leggja til kai på Jektevik i staden for på Skjersholmane på grunn av den sterke vinden. (Arkivfoto frå Ranavik).

Ferja som går frå Ranavik må leggja til kai på Jektevik i staden for på Skjersholmane på grunn av den sterke vinden. (Arkivfoto frå Ranavik).

Artikkelen er over 3 år gammel

Sterk vind skapte problem i ferjetrafikken torsdag ettermiddag. Men frå klokka 18.30 skulle dei to sambanda Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes og Skjersholmane-Ranavik vera i tilbake i normal drift.

DEL

Norled meldte først at det berre var rute 1 i sambandet Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes som var innstilt, men ny beskjed var at ingen av ferjene gjekk.

Siste melding frå Norled kom klokka 17.13, der det stod at rute 2 starta opp ruta igjen med avgang klokka 17.10 frå Gjermundshamn. Rute 1 skulle vera i drift frå klokka 18.05 frå Gjermundshamn.

Uvêret gjorde også at avgangane frå Stord-sida måtte gå frå Jektevik i staden for Skjersholmane. Også dette sambandet skulle ifølgje Norled vera tilbake i normal drift frå klokka 18.30.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags