Ferja M/F «Kvinnherad» hadde tekniske problem, og på Norled si heimeside stod det at «sambandet er innstilt inntil videre, grunnet tekniske problemer».
Adm. dir i Norled, Inge André Utåker, opplyste at alt var normalt måndag morgon, heilt til hovudmotoren brått byrja å jaga på turtalet.
– Først trudde mannskapet det var noko gale med regulatoren på hovudmotoren, men no er elektronikken som styrer motoren som er hovudmistenkt, fortalde Utåker til Kvinnheringen i 11.50-tida.
Motorleverandør Wärtsilä blei kalla inn, og beredskapsvakta i kommunen blei varsla, opplyste Norled-direktøren.
– For augneblinken kan vi ikkje seia kva tid sambandet kjem i drift igjen, sa Utåker litt før klokka 11 måndag føremiddag.
I 15.30-tida var statusen under trafikk-info for ferjer på Norled sine heimesider framleis den same: Innstilt inntil vidare.
Klokka 17.26 kom ny melding frå Norled: Sambandet skulle vera tilbake i normal drift frå klokka 17.30.