Støttar Norsafe Academy

Artikkelen er over 3 år gammel

Gjennom «Skattefunn»-ordninga har Norges Forskingsråd vedteke å støtta Norsafe AS i eit toårsprosjekt for å utvikla relevant beredskap- og tryggleiksopplæring for folk som jobbar i havbruksnæringa.

DEL

Det melder Norsafe i ei pressemelding.

– Havbruksnæringa er i sterk utvikling, og vi ser at «standard» tryggleiksopplæring som blir gitt ikkje alltid er målretta eller hensiktsmessig for oppgåvene personalet har, eller for risikoen som er forbunde med desse. Ein unik kombinasjon av erfaring og kunnskap henta frå produksjon av båtar og davitar, eit verdsomspennande servicenettverk og kursverksemd for shipping, havbruk og offshore gjer oss rusta til å ta på oss ei slik oppgåve i samarbeid med havbruksnæringa, seier Michael Røssland ved Norsafe Academy i pressemeldinga.

– Vår målsetjing er å komma fram til ein bransjestandard for tryggleiksopplæring som er betre tilpassa det aktuelle risikobildet for havbruk.

Norsafe har dei siste åra etablert seg som ein kvalitetsleverandør av kurs, trening og øvingar. Norsafe Academy sine kurs er godkjente av sjøfartsdirektoratet og Norsk olje og gass.

Kva sum Norsafe vil få for det toårige prosjektet står det ingenting om i pressemeldinga, men «Skattefunn»-ordninga er ei skattefrådragsordning for næringslivet sine kostnader til forsking og utvikling. Gjennom SkatteFUNN kan små og mellomstore bedrifter (SMB) få 20 prosent av prosjektkostnadane som skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret. Store bedrifter kan få 18 prosent frådrag av prosjektkostnadene.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags