Frå Finland til Årsnes for Ylvis

Satu Karvonen (42) og Anna-Maija Ihander (35) og  er så fans av Ylvis at dei kom heilt frå Finland for å sjå dei live på Årsnes.

Satu Karvonen (42) og Anna-Maija Ihander (35) og er så fans av Ylvis at dei kom heilt frå Finland for å sjå dei live på Årsnes.

Artikkelen er over 5 år gammel

Norsafe sin gratiskonsert med Ylvis torsdag kveld lokka ikkje berre kvinnheringar til Årsnes – Anna-Maija Ihander (35) og Satu Karvonen (42) tok turen heilt frå Finland!

DEL

Dei to stod fremst ved scena då Kvinnheringen møtte på dei, og gledde seg veldig til å sjå heltane sine igjen. Dei hadde leigd bil i Bergen og køyrd til Årsnes same dagen for å få med seg Ylvis.

– Vi blei hekta etter The Fox, og var på konsert med dei i Oslo i februar i fjor. Så har det berre eskalert etter det! lo dei.

Begge har også vore publikum på Ylvis sitt tv-program «I kveld med Ylvis».

– Vi elskar Ylvis, men no handlar det liksom om meir enn dei også. Vi elskar å reisa, og å møta igjen alle Ylvis-fansa frå heile verda som vi har blitt kjent med.

Dei to finske venninnene skulle vera i Norge denne helga, og ville prøva å få med seg mest mogleg sightseeing medan dei var her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags