Vann to millionar på extra - no blir det sydentur

Truls Pedersen i Norsk Tipping kunne gratulera ein kvinnhering med to millionar kroner onsdag føremiddag. (Foto: Norsk Tipping.)

Truls Pedersen i Norsk Tipping kunne gratulera ein kvinnhering med to millionar kroner onsdag føremiddag. (Foto: Norsk Tipping.)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein kvinnhering sikra seg toppgevinsten på to millionar kroner i Extra tysdag kveld.

Norsk Tipping fekk ikkje tak i den glade vinnaren før onsdag føremiddag.

- Ein ekstra sydentur

Under trekninga steig premien frå inngangssummen på 324.760 kroner - via 811.905 og 1.461.430 kroner til toppremien på 2.000.000 kroner.

- Ja, det blir vel ein ekstra sydentur, då, sa den glade mannen då vi fekk svar onsdag formiddag, svara mannen då Truls Pedersen frå Norsk Tipping fekk tak i han

- Det var ein god nyhende å få. Kva premien skal nyttast på utover sydenturen?

- Veit da søren, eg, dei får stå på kontoen så lenge, humra karen til Norsk Tipping.

Mannen vann på ein femvekerskupong han kjøpte hos Bunnpris Seimfoss 25. juli. 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags