Bronsegutane frå Halsnøy

BRONSEGUTANE TIL HALSNØY: frå v, trenar Arnljot Hvidevold, Julian Fredriksen, Marcus Håvik, Christoffer Hillestad, trenar Dag Ivar Eide, Heike Eide, Maikren Kaur, Bjørn Einar Hvidevold, Sindre Eide, Trym Solheim Fjelland og Mathias Hansen Eide. Her etter sigeren i kvartfinalen. (Foto: Vidar Alfarnes)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Halsnøy sine gutar er i ekstase, dei har sikra seg bronse i a-sluttspelet i Norway Cup.

Det var ein svært spennande og jamn bronsefinale. G 14 frå Halsnøy møtte Frei frå Nordmøre og det var nordmøringane som gjekk opp til 1–0. Men dei var ikkje lenge i føringa, frå fem meter banka Heike Eide ballen i mål til redusering 1–1.

Utover i andre omgang var Frei stadig farleg frampå, melder Verner Fjelland frå Ekebergsletta. Det er skot i stole og superredningar av Christoffer Hillestad, men Halsnøy er heller ikkje ufarlege, og Heike Herland Eide har og skot i aluminiumen. Det enda til slutt 1–1 etter full tid, og dermed 2*5 minutt ekstraomgangar, der første mål vinn er regelen.

Det gjekk ikkje lange tida av første ekstraomgang før Bjørn Einar Hvidevold tok fram storslegga og knuste ballen i mål frå midtbanen. Dermed kunne gutar, trenarar og publikum kasta seg rundt kvarandre og jubla.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags