Det rakna for Halsnøy

Det vart desverre semifinale-tap for Ørskog. Her er dei galde etter siger i kvartfinalen. Namna på Halsnøy frå v, trenar Arnljot Hvidevold, Julian Fredriksen, Marcus Håvik, Christoffer Hillestad, trenar Dag Ivar Eide, Heike Eide, Maikren Kaur, Bjørn Einar Hvidevold, Sindre Eide, Trym Solheim Fjelland og Mathias Hansen Eide.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Gutane sitt Norway Cup-eventyr er ikkje ute, men det vart tap i semifinalen.

14-åringane til Halsnøy var tydeleg slitne i semifinalen. Dei opna jamt mot Ørskog, sjølv om Ørskog tok leiinga 1–0. Halsnøy reduserte og kom tilbake til 1–1, med scoring av Bjørn Einar Hvidevold. Rett før pause gjekk motstandarane opp til 2–1.

Halsnøy opa friskt i andre, men så kom smellen. Halsnøy går for redusering til 2–2 i staden blir det 3-1, og minuttet etter 4–1, og då var det slutt på kreftene. No får Ørskog gjera som dei vil og kampen endar til slutt 1–6. No er det berre for laget å kvila godt å gå for medalje i morgon.

Jentene til Halsnøy spelar sin semifinale klokka 16.15.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags