Nye bronsegutar

Rosendal sin bronsegutar. (Foto: Maylin Kristiansen)

Rosendal sin bronsegutar. (Foto: Maylin Kristiansen)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Fredag kan vi også gratulera Rosendal/Uskedal sine 16-åringar med bronse i a-sluttspelet.

Rosendal/Uskedal fekk ein tøff start på finalen dei spelte mot Bergsøy. Laget frå Sunnmøre tok tidleg leiinga, og kampen bølgja fram og tilbake. Fem minutt før pause kjem det eit langt oppspel til Jonatan Eskeland som lekkert tek ballen ned og set den i mål åleine med keeper.

Andre omgang fekk ein draumestart, og berre minuttet etter kvilen var Rosendal/Uskedal i føringa. Bergsøy klarte aldri å leggja det store presset på Rosendal/Uskedal i den andre omgangen, og etter kvart handla det om å unngå baklengsmål og sikra sigeren. Mot slutten skapte begge lag store sjansar, men Ola Hunstad var som ein vegg i mål. Og rett ettter ein gigantsjanse til Bergsøy kontrar kvittrøyene og Tord Guddal fiksar 3–1 og bronse til Rosendal/Uskedal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags