Førebur seg med mat og drikke

Isak Moe, Brynjar Gjerding og Daniel Normann og resten av gutane har imponert stort i Norway Cup. Her frå ein tidlegare kamp, då Oppdal vart slått. (Foto: Vidar Alfarnes)

Isak Moe, Brynjar Gjerding og Daniel Normann og resten av gutane har imponert stort i Norway Cup. Her frå ein tidlegare kamp, då Oppdal vart slått. (Foto: Vidar Alfarnes) Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Gutane til Trio førebur seg no til finale i a-sluttspelet med mat og drikke.

DEL

Det er Tore Olderkjær og Per Einar Gjerding som trenar laget, og dei er rolege før finalen på Ekebergsletta klokka 13.30.

Saman med fleire andre hjelper dei no TV2 med litt fakta om Trio, og om spelarane på laget før alvoret set inn.

Ein time før kamp skal laget vera på plass og gjera seg klar til finalekampen.

- No handlar det berre om å få tøya ut, slappa av og få i seg nok mat til finalen, som vi gler oss storleg til, seier Olderkjær.

Trio har no spelt åtte kampar på rad utan tap, og no vil dei ta sin niande og ha med seg pokal tilbake til Kvinnherad.

- Gutane er svært gira og kjem nok til å ta ut absolutt alt i finalen, seier Olderkjær.

Finalelaget består av:

Torstein Olderkjær

Isak Moe

Lars Olderkjær Larsen

Daniel Normann

Brynjar Gjerding

Marcus Nilsen Mathisen

Mads Jørgensen

Joakim Heimvik

Martin Arnesen

Magnus Tera

Emil Voster

Trenar: Tore Olderkjær og Per Einar Gjerding

Lagleiar: Kjell Arne Olderkjær Larsen

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags