Rosendal/Uskedal sitt sjuarlag i er klare for 1/8-delsfinale i Norway Cup.

Etter ein svært spennande kamp mot Nordreisa var det gutane frå Rosendal som trekte det lengste strået og vann 2–1. Dermed er det duka for litt av eit lokaloppgjer når Odda 2 er motstandar. Den kampen vert spelt klokka 19.30 i kveld.

Rosendal/Uskedal J 15 rauk dessverre ut mot Snøgg Fotball i 1/32-delsfinalen, der dei tapte 3–2.

Trio

Trio 1 sitt lag gjekk vidare i B-sluttspelet med siger 4–0 over KFUM Kam, dei møter Ny Krohnborg til dyst seinare i kveld. Trio 2 som gjekk til A-sluttspelet møtte sine overmenn i Førde, og det vart tap 5–0.