Bronsefinale på Halsnøy-jentene òg

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det stod 0–0 til pause i semifinalen mellom Halsnøy og Lørenskog, etter ein jamn førsteomgang.

Dessverre for Halsnøy så var Lørenskog aller sterkast ut over i andre omgang. Midtvegs i omgangen scorar dei med ei perle av eit langskot. Halsnøy klarer ikkje å koma tilbake med dei store sjansane etter dette, og dermed er det Lørenskog som får spela finale i morgon.

Verner Fjelland skriv at det dessverre var eit fortent tap, mot eit solid Lørenskog.

Som for dei andre laga i kommunen blir det dermed bronsefinale på Halsnøyjentene i morgon. Vi ønskjer lukke til då.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags