Så fekk vi bronsejenter òg

Bronsejentene til Halsnøy. (Foto: Verner Fjelland)

Bronsejentene til Halsnøy. (Foto: Verner Fjelland)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Då vart det storeslem og tre bronsemedaljar på laga frå Kvinnherad i dag!

Som for alle laga til Kvinnherad i bronsefinalen, så vart det også spennande for jentene til Halsnøy.

Det var tett som berre det i bronsefinalekampen mot Bjerkvik, og det blei ikkje skapt veldig mange store sjansar. Det var mållaust til pause, og begge lag var forsiktige for å unngå baklengs.

I andre omgang hadde Halsnøy føringa og eit skot frå Sofia gjekk rett i krysset, men dessverre ut igjen. Fem minutt før slutt fekk Bjerkvik ein spelar utvist, og Halsnøy fekk spela resten av kampen i overtal. Kampen gjekk til golden goal, der første målet vinn.

Sjølv om Halsnøy var i overtal var det jamt, men fem minutt før slutt avgjer Halsnøy, og jubelen kan sleppast laus på Ekebergsletta.

No er det Rosendal sine 13-åringar igjen i b-finale i ettermiddag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags