Gå til sidens hovedinnhold

Nostalgisk rock på 5460

Artikkelen er over 1 år gammel

Stordbandet Myhres PPT spelar opp på 5460 fredag 17. januar.

På repertoaret finn ein utvalde favorittar frå 1970- og 80-talet. Kvinnheringane kan altså venta seg ei skikkeleg feststund med låtar av blant andre Bob Marley, David Bowie, Supertramp, Little Feat, Genesis, Fleetwood Mac, the Clash, the Band, Peter Gabriel, Steely Dan, Bruce Springsteen, 10CC, og Paul Simon.

Bandet består av Gisle Alsaker (song), Jørn Olav Myhre (song og bass), Endre Olsen (song og gitar), Roald Kaldestad (gitar), Jon Eirik Søyland (trekkspel og keyboard) og Jan Evald Kleppe (trommer).

Les mer

Frå «pøbel» til livreddar

Kommentarer til denne saken