Henriksen sjølv gler seg til sendinga, ifølgje ei pressemelding frå Helse Fonna:
– Det beste med dette innslaget er bodskapen til pasientar, pårørande og helsevesenet; at funna i studien gir støtte for at vi har ein ny og effektiv behandlingsmåte for bipolar mani.
Forskinga til Henriksen går ut på å å regulera døgnrytmen hos pasientane ved å blokkera det blå i lyset rundt oss. Dette kan ein gjera ved å bruka oransje briller, som filtrerer lyset.
– Studien har ein enkel design, og saman med eit sterkt resultat blei dette attraktivt for NRK sitt tv-program, fortel Henriksen.
Schrödingers katt går på NRK 1 torsdag kveld 18. februar, men du kan også sjå opptaket på nett-tv.
Studien er ikkje avslutta. Les meir om forskinga til Henriksen her.