Komikar-duoen frå «Hit for hit» sparkar i gang Festidalen

Komikar-duoen Fridtjof Stensæth Josefsen (t.v.) og Jakob Schøyen Andersen kjem til Festidalen med «Hit for hit» i sommar, og får opna festivalen med harselering med musikksjangrar. (Foto: Tarjei Krogh).

Komikar-duoen Fridtjof Stensæth Josefsen (t.v.) og Jakob Schøyen Andersen kjem til Festidalen med «Hit for hit» i sommar, og får opna festivalen med harselering med musikksjangrar. (Foto: Tarjei Krogh).

Det blir ei noko spesiell og original opning på Festidalen i sommar. Karakterane frå NRK-serien «Hit for hit» blir no å oppleva i levande live som opningsnummer fredagen.

DEL

– Det er ein ny, frisk og artig tanke å byrja festen på denne måten. Kvinnheringar er eit humoristisk folkeslag. Løgnare enn alle andre. Me likar å le, me nyt særleg å le saman. Og me elskar å gjera det i festleg lag! skriv Daidalos Dahle i ei pressemelding om den spesielle bookinga til årets festival.

Humorserien «Hit for hit» har tatt steget frå studio til live-scena, noko som har blitt ein megasuksess med utselde hus landet rundt. Det er komikarkompisane Jakob Schøyen Andersen og Fridtjof Stensæth Josefsen, også kjend frå Kollektivet, som har skapt denne «mockumentaren» om musikk og musikkbransjen. Parodiane sparkar mot alle sjangrar og alle roller, og treff både musikkinteresserte og kvarmannsen. Det går frå det heilt latterleg grapsne russelåt-harselaset, til syrlege blikk mot både hiphop-en, rocken, alt som er «inn», og utfordringar for barneartistar som møter puberteten. Alt gjort med sjarm, kløkt og ei tønne med idioti.

– Noko er så latterleg flaut at ein har lyst å synka ned i jordet til Magne. Noko så treffsikkert og flott musikalsk at du får fot. Anna er berre rablande gale, og fasinerande usakleg. Dette er totalt krise! Men ei banal krise du aldri vil gå glipp av. Eg grugler meg. Og kjenner eg er varm i kjakane no, skriv Dahle.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags