På denne tida i fjor var Margretha Flatland i Svolvær for å vera med på å laga «Skårungen» - ei ny, stor NRK-satsing som vert sendt på tv søndagar og måndagar i vekene framover. Serien hadde premiere no på søndag.

– Det blir sjø og storm, grining og spying, og veldig fine naturbilde frå Lofoten, lovar Flatland.

Vil satsa vidare

Flatland har jobba som produksjonsassistent, med ansvar for å finna "locations", altså dei beste plassane å filma, samt hatt mykje med tryggleiken å gjera. Men det er ikkje det første programmet ho har vore med og laga. Ho var med å produsera «Oppdrag Nansen» som gjekk på tv i fjor, samt «71 grader Nord kjendis» og «Petter uteligger: Fra gata til Nordkapp» som begge går på tv no.

– Dette er den første store produksjonen eg har vore med på, og eg har hatt meir ansvar enn tidlegare. Det har vore veldig stort, og eg har lært mykje om fiske. Eg får nesten lyst til å bli fiskar sjølv, seier ho.

Flatland – som har ein bachelorgrad i arktisk friluftsliv, og har jobba som guide, mellom anna med polfarar Børge Ousland, fortel at ho har begynt å finna seg til rette bak kulissane i TV-produksjonar.

– Det blir meir TV framover, og det er det eg har lyst å satsa på. Men eg gir ikkje heilt kall på guide-yrket, og kjem til å kombinera det vidare. Men all tv eg gjer er «ute-TV», så eg føler det er ein likskap der, seier ho.

«Torsketungefredag»

Det kjekkaste med jobben, fortel ho, var samhaldet i crewet, som budde ilag under heile produksjonen.

– Vi hadde det morosamt heile tida, og lo veldig mykje på jobb. Det var utruleg mange kjekke folk, og det var kjekt å få jobba med desse gamle NRK-folka som har vore med på produksjonar frå 70-talet. Dei har utruleg mykje å komma med.

Det å bu i Svolvær i to månader har òg sett sitt preg.

– Ein fredagskveld hadde vi torsketunge til middag. Då fann vi ut at vi hadde blitt sterkt påverka av lofotlivet, og kom fram til at vi skal innføra torsketungefredag, i staden for tacofredag, seier ho, og ler.

Norges farlegaste yrke

«Skårungen» er ein reality-serie av typen «vanlege nordmenn gjer ting dei ikkje kan». I dette tilfellet skal 12 deltakarar konkurrera om å bli «Norges beste skårunge» – eit omgrep som vert brukt om førstegongsfiskarar. Deltakarane har vore gjennom ting ein fiskar måtte gjera frå gammalt av, og det dei gjer i dag. Dei har mellom anna konkurrert i å laga juksegarn og fiskereiskapar, og hatt øvingar med ei redningsskøyte, då fiskeri er eitt av dei yrka med flest dødsfall i Norge.

Flatland har allereie sett programmet, og fortel at resultatet har blitt veldig bra.

– Du blir veldig godt kjend med skårungane og skipperane, og lever deg inn i det. Eg gler meg veldig til å få tilbakemeldingar frå den vanlege mannen på gata, seier ho.