Som kjent vedtok Stortinget i sommar ei lov som forbyr pelsdyrhald. Oppdrettarar som dreiv med pelsdyr per 15. januar 2018, må avvikla drifta innan 1. februar 2025.

Lova betyr lite for Kvinnherad:

– Det er ingen som driv med pelsdyrhald i Kvinnherad lenger, sistemann gav seg rundt 2005, opplyser Tore Eik ved landbrukskontoret i kommunen.