Gå til sidens hovedinnhold

NVE: Stort sannsyn for stor vårflaum i sør og nord

Det er framleis svært sannsynleg at det blir stor vårflaum i Nord-Noreg og delar av Sør-Noreg, ifølgje varslingstenesta varsom.no.

Snøvêret og låge temperaturar har auka sannsynet, og snøsmeltinga blir venta å komme i gang i heile landet frå midten av kommande veke på grunn av stigande temperaturar, heiter det i Varsoms analyse.

Sannsynet for stor vårflaum er på 95 prosent i Nord-Noreg. Stor vårflaum er på oransje nivå som betyr ein flaum som kan medføre alvorlege skadar.

I Trøndelag er det fleire vassdrag som har opp mot 90 prosent sannsyn for stor flaum, medan i Sør-Noreg er sannsynet for stor flaum i Gudbrandsdalslågen omkring 75 prosent. Det same gjeld i øvre delar av Glomma, Trysilelva og Drammensvassdraget – i tillegg til i høgareliggjande delar på Vestlandet og i Agder.

– Det blir venta stigande temperatur frå midten av kommande veke, først i sør, men også i nord mot slutten av veka. Viss dette slår til, vil snøsmeltinga kunne komme godt i gang, og det vil føre til ein merkbar vassføringssauke i alle elvar som kjem frå snødekte område, seier Inger Karin Engen ved flaumvarslingstenesta i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Først éin til to veker seinare er det venta å komme ein flaumtopp. Tidspunkt og kor stor han blir, er heilt avhengig av korleis vêret utviklar seg vidare, står det i varselet.

Varslingstenesta Varsom er levert av NVE i samarbeid med Vegvesenet og Meteorologisk institutt.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken