Gå til sidens hovedinnhold

Ny aktivitet i bygdehuset på Valen

I kjellaren i bygdehuset er det no innreidd eit flott trimrom til glede for bygdefolket.

Valedamene har i lang tid arbeidd med å innreia kjellaren i bygdehuset på Valen til treningsrom. Innreiinga og arbeidet er gjort på dugnad, med hjelp av mange frivillige hender. I over to år har damene arbeidd med å få rommet klart, og eit utal timar har gått med til riving av det gamle inventaret og bygging av nytt rom. Og bygdefolk har stilt opp både seint og tidleg på dugnad for å få rommet klart.

– Det kom ein del utfordringar undervegs, slik det gjerne gjer med gamle hus, men takka vere god innsats og masse dugnadshjelp har vi fått laga trimrommet ferdig. Og vi synest det er blitt utruleg flott! seier Wenche Anfinsen, leiar i trimgruppa til Valedamene.

Trimrommet er allereie teke i bruk av fleire og damene får gode tilbakemeldingar frå dei.

– Vi ynskjer at dette trimrommet skal vera eit tilbod til alle som bur i bygda, og vi vonar at det etter kvart skal koma aktivitetar knytt til både barn og eldre, slik at vi slår eit slag for god helse i alle aldrar. Ikkje alle syns det er like lett å koma seg ut på tur, og har gjerne lyst å gjera noko aktivt saman med andre, og då kan dette vera ein fin stad å trena.

Arbeidet har ein kunna gjera takka vere rause gåver frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad, Gjensidigestiftelsen og små og store bidrag frå bygdefolk og lokale verksemder.

– Vi er svært takksame for alle bidrag!

Det nye trimrommet i kjellaren har fått nytt inngangsparti med støypt mur ned til inngang. Innvendig har det vore ei totalrehabilitering med mellom anna støyping av nytt golv og det er laga til toalett. Inngangspartiet er ikkje heilt ferdigstilt, men dette skjer no når terrasse vert bygd på framsida av huset.

Rommet vart opna for bruk i midten av september, og dei som vil nytta rommet registrerer seg hjå Valedamene.

Les også

Gjennom eit nytt samarbeid håpar dei å få mange kvinnheringar opp av sofaen etter pandemien

Kommentarer til denne saken