Gå til sidens hovedinnhold

Ny app-funksjon: No får du Kvinnheringen endå meir skreddarsydd til det du likar best å lesa om

Artikkelen er over 1 år gammel

Er du frå Rosendal? Eller Husnes? Eller er du spesielt interessert i samferdsle? No kan du sjølv velja kva pushvarslar du ønsker å motta frå Kvinnheringen på mobilen.

Kort fortalt kan du no gjera Kvinnheringen endå meir til «di avis».

Ikkje alle er interesserte i politikk, og nokon bryr seg ikkje så mykje om sport. Derfor kan du no i større grad sjølv velja kva innhald du vil ha, seier redaktør Mona Grønningen.

Har du ikkje Kvinnheringen-appen frå før, kan du lasta den ned i App Store eller der du lastar ned dine mobilapplikasjonar.

Den nye app-funksjonen gir deg sjansen til å følgja inntil 20 emne/tema frå avisa. Du kan velja å få pushvarsel om enkelte emne du er spesielt opptatt av, og å samla fleire emne i din personaliserte nyheitsstraum i appen, seier Øystein Spillum, produkteigar for mobil-appar i Amedia Utvikling.

Amedia forvaltar appane for over 80 aviser og publikasjonar. Denne funksjonen har vore etterspurd av brukarane frå ei rekkje aviser over lenger tid.

Brukarane har lenge spurt etter dette med å kunna følgja spesielt godt med på nokre tema dei er engasjerte i. Dette ser vi spesielt gjeld yngre brukarar. Denne store oppdateringa har vi jobba med det siste halve året, og appen er blitt grundig testa.

Geografi mest populært

Appen har vore i bruk i fem test-aviser så langt. Spesielt ser brukarar ut til å ønska å følga med på geografi. I tillegg er det mange som følgjer med på emnet «trafikk», altså små og større hendingar på vegane.

Spillum understrekar at dette ikkje vil bli erstatning for dagens framside på nettavisa, men eit supplement. Ein vil framleis kunna gå til framsida og bli oppdatert på siste nytt og det redaksjonen har prioritert som viktigast til ei kvar tid.

Les også

Ny Kvinnheringen-app

Kommentarer til denne saken