Ny bok om gamle båtar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fartøyvern vert stadig meir utbreidd. Harald Sætre er ute med nye portrett av 61 restaurerte båtar i ulike kategoriar.

Den Arna-busette kvinnheringen med stor entusiasme for fartøy, Harald Sætre, har igjen gjort eit grundig og veldokumentert arbeid med å synleggjera stolte båtar i fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. «61 veteranbåtar på Vestlandet» er tittelen på boka som nettopp kom ut på Kapabel forlag AS. Både passasjerbåtar, lastebåtar, fiskebåtar, seglbåtar og til og med nokre ferjer har fått plass mellom permane i den nye boka, dei aller fleste med vernestatus.

Båtane er omtalte med byggeår, verft, storleik, eigarar, bruksområde, endringar, restaureringar og namneskifte. Og sjølvsagt får lesaren vita kor båten har vore i drift. Frå forordet klipper vi dette:

«I denne boka finn du eit representativt utval av fartøy frå dei tre fylka. Fleire båtar hadde fortent omtale, men me vonar likevel at det blir gitt eit innblikk i det mangfaldet som finst innan fartøyvern, og at me kan få synleggjera noko av det enorme dugnadsarbeidet som er lagt ned i å ta vare på fartøya».

Av dei 61 omtalte fartøya er heile 15 bygde i Kvinnherad. Desse er:

Eitrheim, Hundvaag 1, Bjørn-West, Arnafjord, Barodd II, Markhol V, Sjøgutt, Vikingen, Christian Børs, Dokken, Sporen, Stangfjord, Gurine, Loyal og Mathilde.

Boka er rikt illustrert med foto, i hovudsak med forfattaren sjølv bak kamera.

Ingen tvil om at Sætre med denne boka har gitt eit viktig bidrag til den lokalhistoriske samlinga.

Artikkeltags