Ny bok om eventyraren som sykla over Folgefonna

NY BOK: Kristian Hus har skrive bok om eventyraren Tjerand Aske frå Fjelberg, som kjem ut i desse dagar. (Pressefoto).

NY BOK: Kristian Hus har skrive bok om eventyraren Tjerand Aske frå Fjelberg, som kjem ut i desse dagar. (Pressefoto).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


I desse dagar kjem boka om Tjerand Aske – ein eventyrar og hardhaus frå Kvinnherad. Midt på vinteren i 1931 sykla han over Folgefonna!

Boka om Tjerand Aske er også forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar som filosoferte over meininga med livet, men som til slutt ikkje greidde å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt på Fjelberg. Alt fall i grus. Etter kvart flytta Aske til Oslo, der han døydde brått på gata like før jul i 1976.

Boka om Tjerand Aske har fått tittelen «Den sindige villmannen». Men han var likevel ingen villmann i ordets rette tyding. Snarare tvert imot. Forteljinga om hardhausen frå Fjelberg er mellom anna bygd på samtalar med folk som hugsar eventyraren. Det er Kristian Hus som har skrive boka om Aske, og som gir ho ut på eige forlag. Sonen hans, Kristen Børje, har stått for den grafiske formgjevinga. Den tidlegare avismannen frå Husnes har dei siste åra gitt ut bøker om dei eldre i Kvinnherad. No følgjer han opp med ei ny bok om ein anna spennande menneskeskjebne.

– Då eg vaks opp i Rosendal, høyrde eg for første gong historia om han som kom seg over Folgefonna på ski – og sykkel. Dei siste åra dukka historia om Tjerand Aske opp igjen. Då blei eg inspirert til å snakka meir med folk som kjende han, og samla historiane og inntrykka mellom to permar, seier Kristian Hus.

Boka skal presenterast på Borgundøy laurdag og er lagt ut for sal hos bokhandlarar og eit par andre butikkar i Kvinnherad.

Artikkeltags