Underhaldande bok om dokter Haugen er klar

«Jeg skal komme». Dette var standardsvaret til dokter Endre Haugen (1895–1986). Deretter bar det av garde i bil eller på motorsykkel like heim til pasienten.

DEL

Endre Haugen var distriktslege for heile Kvinnherad i 32 år frå 1934 til 1966. Det var ein travel jobb i den vidstrekte kommunen vår. Godt var det då at «dokter Haugen», som han vart kalla, stilte opp seint og tidleg heile året og tok ut til bygda pasienten budde i, uansett vegstandard, vêr og avstand. I boka finst ei rekkje artige forteljingar om små og litt større uhell i trafikken. Han køyrde friskt, vert det sagt, særleg når han forstod at det hasta. I grøfta hamna han visstnok rett som det var, men klarte som regel å koma seg vidare.

Ei av forteljingane handlar om då skysskar Andreas Storegjerde frakta dokteren over til Gjuvsland på Varaldsøy. Frisk vind frå sør-aust gjorde at båten ikkje kom seg oppunder land. «Gå så langt opp du kan, så hopper jeg», ropte dokter Haugen til skysskaren. Og Haugen hoppa av ein stad der vatnet rakk han til livet. Han kom seg på land – med dokterveska heva over hovudet.

Spennande fyr

Haugen var fødd i Bergen, hadde familie i Skånevik, tok legeutdanning i Oslo og tenestegjorde i Flørø, Lindås, Nord-Norge og Ryfylke før han slo seg til i Rosendal i 1934. Han var kjend for å vera ein god lege, dessutan for å vera munnrapp. I fleire bygder hadde han faste kontordagar. Frå desse er det henta inn trivelege småhistorier til boka. Det seiest at mange av pasientane møtte fast på dokterdagen, sjølv om det strengt tatt ikkje hadde vore nødvendig. På ein slik utedag la dokteren merke til at ei av dei trufaste damene ikkje møtte. To veker seinare var han tilbake igjen, det same var dama han hadde sakna gongen før. «De var vel ikke syk sist?», var dokter Haugen sin lett spydige, men muntre kommentar.

I boka fortel barnebarnet Kjell Haugen om ein bestefar som var beskjeden og reservert, men samtidig humoristisk og blid. Han kunne mykje om botanikk, dyreliv og historie og hadde ein spennande hage med vekstar, duer, høns og anna. Framfor alt vart han rekna som ein dyktig lege med råd for det meste. «Ein kunne stundom få inntrykk av at pasientane betydde meir for han enn den næraste familien», seier barnebarnet i boka.

Tre koner

I 1923 gifta han seg med Birgit Knudsen frå Bergen. Ho døydde av kreft 30 år seinare. Då fann han seg Ragna Malmanger frå Rosendal som han fekk 10 gode år med før også ho døydde. Den tredje og siste kona si gifta han seg med i 1970. Heilt nyleg vart vi fortalt at mange damer vart skuffa då. Ikkje fordi det var noko gale med den tredje kona, men fordi dei sjølve ikkje vart valde av sjarmøren. i boka får vi vita at valet fall på niesa til kunstnaren Edvard Munch, Andrea Munch Ellingsen. Etter å ha sett henne på tv, skreiv han eit kortfatta brev. «Jeg så deg på fjernsynet og lurer på om du vil bli min kone».

Andrea svarte ja, og dokteren sende eit anna brev til dei fire borna sine:

«Jeg skal gifte meg med Andrea Munch Ellingsen. Eventuelle innsigelser blir ikke tatt til følge!».

Raskt i grava

Den travle dokteren hadde hastverk like til det siste av dei 91 åra han fekk. Då kyrkjetenaren skulle senka kista i grava i 1986, svikta senkeapparatet med den følgja at kista raste ned i grava med eit brak. Då fall følgjande kommentar frå ein i gravfølgjet: «Ja ja, dokteren hadde det no alltid så travelt».

Boka om den fargerike dokter Haugen byrja som ein serie på nettstaden uskedalen.no. Ei boknemnd med Kristian Bringedal, Thor Inge Døssland og Kristian Hus har ført arbeidet vidare, mellom anna gjennom samtalar med etterkomarar, tidlegare kollegaer, pasientar og andre som hugsar Endre Haugen.

Boka er på 200 lettlesne sider, godt komponert og rikt illustrert med bilde og teikningar av Ole Bjarte Røssland. Boka er gitt ut på forlaget Skimtvis, som er Kristian Hus sitt eige forlag. Kristen Børje Hus i Multipleks design har stått for den grafiske utforminga. Dette er den fjerde boka far og son Hus samarbeider om.





Artikkeltags