Saman med vinteren kjem som regel òg dei smittsame sjukdommane snikande, og no har ei ny covidbølgje nådd Kvinnherad. Det merkast godt ved institusjonane i kommunen.

– Me ligg litt bak dei store byane, men dette er ei bølgje som er godt i gang nasjonalt. Det er omikronvarianten Ba -4 og -5 som dominerer sjukdomsbildet, men for vaksinerte gjev den i hovudsak milde symptom, fortel kommunelege Glenn A. Oppland.

Omikronvarianten gjev hoste, hovudpine, muskel- og halssmerter, og anbefalingane går ut på å halda seg i ro til ein kjenner seg betre.

På Husnestunet aukar smitten både blant pasientar og tilsette. Det gjev nokre utfordringar, men leiar Anne T. Rørdal er ikkje bekymra:

– Det som er positivt opp i det heile, er at vaksinasjonen hjelper godt. Dei fleste som er sjuke har milde symptom, som ved ei forkjøling. Me har førebels god kontroll på smittesituasjonen, og sjølv om fleire i personalet er smitta, har me greidd å løysa det, fortel ho nøgd.

Ho fortel elles at dei følgjer FHI sine reglar for smittevern og har ekstra fokus på punktvask av bordflater og dørhandtak, og at dei elles er særskilt opptatte av handhygiene.

Kommuneoverlege Glenn A. Oppland avsluttar med å oppmoda folk til å ta ein tur innom apoteket før jul. Der er det no mogleg for folk mellom 18 og 65 å få fjerde oppfriskingsdose.