Ny person har testa positivt for covid-19

DEL

Éin vaksen person har fått påvist korona i Kvinnherad.

Det stadfester kommuneoverlege Glenn Opland onsdag morgon.

Korleis vedkomande skal ha blitt smitta er framleis uvisst.

– Smittetilfellet blei registrert seint tirsdag kveld, og onsdag skal alle familiemedlemer og nærkontaktar testast, ifølgje Opland.

Vedkomande skal ha eit fåtal nærkontaktar, alle avgrensa til same miljø.

Dette blir det første smittetilfellet i kommunen sidan 4. desember. Også 3. desember blei det påvist eitt tilfelle.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken