Ny person testa positivt for covid-19

DEL


Fredag melder Kvinnherad kommune på heimesida si at ein ny person har testa positivt for covid-19.

Smittesporing går føre seg, skriv kommunen.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland seier til Kvinnheringen fredag ettermiddag at smittesporinga er omfattande, men at han føler dei har kontroll. Han fortel at smittesporinga skjer i samarbeid med ein anna kommune. Det er enno ikkje kjent kor personen kan ha blitt smitta, om det har skjedd i Kvinnherad eller utanfor.

Personen sat ikkje i karantene.

– Den smitta var nyleg definert som nærkontakt, opplyser Opland.

Også torsdag melde kommunen om eit smittetilfelle. Sidan testinga begynte, har Kvinnherad kommune totalt registrert 32 tilfelle av covid-19.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken