Gå til sidens hovedinnhold

Ny sterk NM-plassering til Kvinnherad Fotoklubb – sjå nokre av bilda som hausta poeng

I haustrunden hamna Kvinnherad Fotoklubb på femteplass blant dei rundt 130 deltakande fotoklubbane. Individuelt fekk Atle Helland ein sølvmedalje, ein bronsemedalje og to antatte bilde. Samanlagt etter vår- og haustrunde vart Helland nummer sju i NM-konkurransen. Også fleire frå Kvinnherad Fotoklubb kapra heider: Erik C. Bache fekk bronsemedalje og eitt antatt, det same gjorde Lars Håvard Ekeland. Vidare fekk Inge Audun Røssland, Sigve Solheim, Lars Martin Teigen og John Asle Hansen antatt fire bilde kvar, medan Nils Magne Kloster fekk eitt antatt bilde. I oppsamlinga av NM-poeng er poengsystemet slik: Eit såkalla «antatt bilde» gir eitt poeng, heiderleg omtale tre poeng, bronse 5 poeng, sølv 7 poeng og gull 10 poeng. Om lag 20 prosent av dei konkurrerande bilda blir klassifiserte som «antatt» eller betre. Ved hjelp av poengsystemet kårar ein årets norgesmeister, og med åra blir det dessutan delt ut plakettar. Når ein har oppnådd 25 poeng får bronseplakett, vidare får ein sølvplakett ved 50 poeng, gull etter 100 poeng.