Aasen er til dagleg produksjonssjef i Ølve Industrier og har vore med i stiftinga sidan 2018, siste året som nestleiar i styret. Dette går fram av pressemelding på Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad si heimeside.

– Kvifor ville du bli styreleiar?

– Eg har vore nestleiar siste året og synest det å få vera med i stiftinga er interessant, givande og unikt arbeid. Det er veldig kjekt å vera med på å utgjera ein skilnad for mange, og eg trivst veldig godt i lag med dei andre i styret. Eg fekk førespurnaden, og då tenkte eg at dette har eg lyst til, fortel Aasen til Kvinnheringen dagen etter at han vald til leiar.

Elles vart Magnhild Haugland frå Uskedalen vald til ny nestleiar i styret, medan Hildegunn Eiane Aarthun frå Valen vart valt til nytt styremedlem. Gunnar Våge frå Løfallstrand vart attvald som styremedlem og Torgny Nundal frå Husnes held fram som leiar i generalforsamlinga.

Generalforsamlinga godkjende samtidig rekneskapen for 2021, som ifølgje pressemeldinga viste eit resultat på godt og vel 52 millionar kroner. Stiftinga får årleg utbyte på aksjane sine i Sparebank 1 SR-bank, som dannar grunnlaget for gåvene som kjem lokalsamfunnet til gode.

For året som gjekk er det bokført 53,5 millionar i slikt utbyte, og generalforsamlinga sette av kr 10 millionar til utdeling i haust og tilsvarande beløp neste vår.